Overflateregistrering på E39 Stord-Os (Hordfast)
Røysa ligg på ei svakt skråande flata 8-10 moh. og omtrent 5 m nedanfor toppen av ein knaus. Den ligg med god utsikt over Bårdsundet. Røysa består av runde, mellomstore steinar som truleg er henta opp frå strandkanten. Den er noko tilgrodd, men av steinane som ligg synleg på overflata er diameteren mellom 10-40 cm. Røysa er omtrent 60 cm. høg på det høgaste. I V-del er det ei relativ kvadratisk grop som er 150x150 cm. Noko av steinane som ligg i A-del er mogleg utkast frå røysa.
Gravrøysa er påvist tidlegare av Ørjan Engedal i samband med konsekvensutgreiinga av reguleringsplanen.