Fetts fk.nr.1 og nyreg.

Fknr. 1, Huldehaugen, er 29 m i tverrmål og ca. 1,5 m høg. Røysa er dekka av grasvoksen torv og det veks fleire lauvtre på henne. I S.del veks det fleire einebusker. Stein stikk i dagen over nesten heile røysa. Røysa er svært klart avgrensa og ruver godt i terrenget. Som fylgje av dei mange søkka i røysa er forma ujamn. Det er tre store søkk i røysa, to i toppen og eit i NV-sida. Det er elles fleire små søkk i røysa. Frå røysa har det vore vidt utsyn, no sperrra av nybygt bustadhus.Den nyregistrerte røysa ligg 5 m SO for fk.nr. 1. Ho er 18 m i tverrmål og 1,5 m. Røysa er dekka av grastorv og det veks fleire bjørketre på henne. I toppen stikk stein i dagen. Røysa er klart avgrensa. Forma er svært uregelrett som fylgje av dei mange søkka. Det er åtte store søkk på ulike stader i røysa.

Identifier
Source http://kulturminnesok.no/ra/lokalitet/15780
Metadata Access https://kart.ra.no/arcgis/rest/services/Distribusjon/Kulturminner20180301/MapServer/7/query?objectIds=36657&outFields=*&returnGeometry=true&f=geojson
Provenance
Creator Vestland fylkeskommune
Publisher Askeladden
Publication Year 2006
Rights NLOD (https://data.norge.no/nlod/en/2.0/)
OpenAccess true
Contact askeladden.hjelp(at)ra.no
Representation
Language Norwegian
Version 20180301
Discipline Archaeology
Spatial Coverage (7.520W, 61.054S, 7.521E, 61.055N); Lærdal