Røysa, som er 8,0 m l og 7,0 m br., er bygd på ein NO-SV-gåande bergrygg, ca. 40 m lang og 10 m brei og 1 m høg, som går langsetter den stupbratte kanten mot sjøen. Ho er bygd av turre steinar/blokker, 20-60 cm i største mål, men desse er no dels dekka med mose og lyng. Røysa er opp mot 0,5 m høg i bakant, men vert lågare fram mot sjøen. Ho er visseleg utkasta. Attanfor ryggen der røysa ligg, er lendet heller flatt med lyng og ein del furetre. Grensa mellom gnr. 102 og gnr. 103 går rett over røysa.