Fetts fk.nr.1/8 Storeneset

Gravrøysa er om lag 12 m i tverrmål og om lag 1,5 m høg. Ho er bygd av steinar/blokker, 0,1-0,7 m store. Steinane ligg i dagen, berre nokre er dekte av eit tynt moselag. Nordre del av røysa er tilvaksen med gras og mose som dekkjer steinane. I midten av røysa er det eit søkk, 5 m vidt og om lag 0,7 m djupt. Røysa er utkasta i V. Ein del av steinane i V kan vere innpåkasta. I sørvestre del av røysa er det bygd ut ein liten steingard. Midt i røysa veks nokre større lauvtre, nokre bregnar og småkratt. Elles veks det nokre lauvtre i kanten av røysa. Røysa er relativt klårt markert og godt synleg i lendet.

Identifier
Source http://kulturminnesok.no/ra/lokalitet/15891
Metadata Access https://kart.ra.no/arcgis/rest/services/Distribusjon/Kulturminner20180301/MapServer/7/query?objectIds=36672&outFields=*&returnGeometry=true&f=geojson
Provenance
Creator Møre og Romsdal fylkeskommune
Publisher Askeladden
Publication Year 2006
Rights NLOD (https://data.norge.no/nlod/en/2.0/)
OpenAccess true
Contact askeladden.hjelp(at)ra.no
Representation
Language Norwegian
Version 20180301
Discipline Archaeology
Spatial Coverage (6.409W, 62.385S, 6.409E, 62.385N); Sykkylven