Røysa er heilt utjamna, men opphaveleg røysfot er synleg i SO og N, elles er røystufta påfylt jord slik at ho i dag ligg som ein markert 30-40 cm høg og jamnt avrunda forhøging, 24 m i tverrmål og tilvaksen med gras. Midt på er det reist ein stein på skap som ein bautastein og rundt denne er det lagt ei 2 m vid og 1/4 m høg røys av 15-25 cm store rullesteinar. Den reiste steinen er 2,15 m høg og har trekanta tverrsnitt, der sidene er 40, 30 og 20 cm breie med unnatak av øvst oppe der han smalnar av mot toppen. Denne steinen låg opphaveleg i vestre kant av røysfoten.