Kokegrop Storeberget, Vevring gbnr. 429/2

Lokalitet med ei kokegrop.

Lokalitet registrert i samband med Områdeplan for Vevring sentrum. Plangrensa går nokre meter aust for sjakta, og det vart disfor ikkje avgrensa mot aust. Topografien gjev grunn til å tru at det er mogleg å finne fleire strukturar på flata mot aust. Avgrensa topografisk mot nord. Sjakta held fram mot vest og sørvest, men er utan fleire funn. Negativ sjakt i sør og søraust.

Lengst aust i den funnførande sjakta ligg det ei kokegrop. Kokegropa ligg rett under torva og eit tynt lag av matjord. Den er 110 cm i diameter, og har grå, kompakt kol- og silthaldig fyllmasse. Er ein del brend bein og skjørbrend stein i strukturen. Strukturen vart snitta, og er på det djupaste 11 cm djup. Dei nedste 3-4 cm av strukturen er svart og kolhaldig linse, og har grå til brune kolhaldige massar over.

Sentralt i strukturen går det eit mogleg staurhol under kokegropa. I snittet startar dette moglege staurholet om lag 7 cm under kokegropa og held fram til 35 cm under kokegropa. Massane i staurholet er dei same brune, kolhaldige massane som det er i kokegropa. Det er ikkje synleg at staurholet går gjennom kokegropa.

Det vart sendt inn ei dateringsprøve (234910VP19) frå kokegropa. Den resulterte i ei datering frå romartid, 2000 +/-30 BP (Beta-649529: 50 cal. BC-84 cal. AD, 1999-1866 cal. BP)

Rapport frå den arkeologiske registreringa er vedlagt i Askeladden-ID. 294308.

Identifier
Source http://kulturminnesok.no/ra/lokalitet/294310
Metadata Access https://kart.ra.no/arcgis/rest/services/Distribusjon/Kulturminner20180301/MapServer/7/query?objectIds=2760805&outFields=*&returnGeometry=true&f=geojson
Provenance
Creator Vestland fylkeskommune
Publisher Askeladden
Publication Year 2022
Rights NLOD (https://data.norge.no/nlod/en/2.0/)
OpenAccess true
Contact askeladden.hjelp(at)ra.no
Representation
Language Norwegian
Version 20180301
Discipline Archaeology
Spatial Coverage (5.397W, 61.492S, 5.397E, 61.492N); Sunnfjord