Lok. 144, Slåtteskorneset

Lok. 144 på E39 Stord-Os (Hordfast)

Lok 144 består av aktivitetsspor frå steinalder. Lokaliteten ligger ca. 26 moh. og dekk ca. 165 m2. Den ligg på ei lita flat hylle plassert tett inn mot ein bergvegg som ligg i søraust. Utanfor hylla skrår terrenget bratt ned mot nordvest. Lokaliteten består av 3 funnførande prøvestikk og til saman 4 funn. det blei funne 3 avslag i flint og eit i bergkrystall.

Området lokaliteten ligg i er veldig bratt og ulendt, det er få fine flater med potensiale for utnytting til steinalder busetting og aktivitet. Ein må derfor ta høgde for at ein kan væra meir villig til å trekke opp i terrenget. Det er likevel anset som mest sannsynleg at lokaliteten stammar frå eldre steinalder grunna lokalitetens høge plassering. Funnmaterialet gir ingen indikasjon for alder.

Identifier
Source http://kulturminnesok.no/ra/lokalitet/300346
Metadata Access https://kart.ra.no/arcgis/rest/services/Distribusjon/Kulturminner20180301/MapServer/7/query?objectIds=2857253&outFields=*&returnGeometry=true&f=geojson
Provenance
Creator Vestland fylkeskommune
Publisher Askeladden
Publication Year 2023
Rights NLOD (https://data.norge.no/nlod/en/2.0/)
OpenAccess true
Contact askeladden.hjelp(at)ra.no
Representation
Language Norwegian
Version 20180301
Discipline Archaeology
Spatial Coverage (5.538W, 59.899S, 5.538E, 59.899N); Tysnes