Fra Per Fett: Funnkartet nr. 16. Gravflokk på 85 røysar på ei rim tett ved stranda på Røysanes. Innanfor rima er landet ein stad lågare, men berre eit smalt stykke; så går det bratt opp til neste terrasse. I dette søkket kan det stå vatn, Røysevatn. Neumann registrerte gravflokken i 1837, og publiserte liste med kart etter Lassen og Baade i Urda, men kartet er lite grannsamt og samsvarar ikkje med lista. Det er og vanskeleg åfå lista til å samsvare med røysane, og det løner seg lite åprøve å gjere dette heilt ut. Såleis nemner Neumann i lista 8 langrøysar, på kartet er det berre 7, men i marka er det 13. Ved å gå nøye igjennom, meiner eg like vel å ha fått identifisert sume, silk det går fram nedanfor. Etter det er det då rimeleg at Neumanns nr. 3, 4, 6, 8 er mine nr. 6, 8, 9, 17. Av desse hadde ei røys stamnstein i vestenden, ei i austenden; dette kan ein ikkje sjå no. Kva Neumann har meint med sine røysar "vestenfor denne Hougrække", har eg ikkje godt for å forstå: Det er lett nok å seie at hans nr. 16 kan vere mitt nr. 1; dei to andre på heile 14 og 18 m tvm. måtte då vere heilt borte no. Lindøe (i arkivet) nemner to små haugar. Neumann nemner og ein "Fodangelfigur" (trekanta haug) som må vere nr. 85. "Steendyngen a-a-a" er nok sjølve rima. Neumann melder elles at berre "et Par Skibshøie og Fodangelfiguren" var torvkledde, resten var jordfrie røysar. Framleies er alle dei svære røysane nakne, men elles er dei fleste dekt med lyng - eller grastorv. Alt på Strøms tid var "alle ligesom udhulede i Midten". - Kroki og oppmåling i arkivet. 1. Røys 10 m tvm., 1 m høg, kledd med gras og rogn. Søkk i midten. 3. Røys 12 m tvm., 1 m høg, lyngkledd. Søkk i toppen. Neumann nr. 1. 4. Røys 12 m tvm., 1,5 m høg, lyngkledd. Søkk i midten på 5 m tvm., der gror ein rogn. Neumann nr. 2: "Hellekisten og Overliggerne ere tilsyne", men ikkje no lenger. 6. Langrøys 20 x 5 m. SO-NV, 0,5 m høg, lyngkledd. 8. Langrøys 22 x 7 m VNV-OSO, 0,5 m høg, lyngkledd, utramla og litt utkasta. 9. Langrøys 14 x 4 m O-V, 0,5 m høg, lyngkledd, utkasta på to stader. 14. Røys 12 m tvm., svært utkasta. 15. Røys 20 m tvm., 2 m høg, litt lynggrodd, sterkt skadd men ikkje i N. Dette må vere Neumanns nr. 10, der rundmålet 140 alner må vere feil (for 114 ?). 16. Røys 11 m tvm., 1,25 m høg, lyngkledd, fotkjede. Eit lite sår restaurert 1932 (Kristen Lindøe). 17. Langrøys 15 x 3 m NO-SV, låg. 18-38 -Småhaugar 1,5-5 m tvm., 0,25-1 m høge. To er lange, 4-5 m N-S, ein er 9 m O-V. Gras - og lynggrodde. Kristen Lindøe grov i eit par i 1932, men fann ikkje noko. 39. Hustuft = fk. nr. 17. 42. Langrøys, firkanta, 16 m lang NO-SV, 7,5 m brei i SV, 6 m i NO, 1,25 m høg, lyngkledd. Stein i hyrna men vantar i nordre. Sår på tre stader. Der skal vere f. ei stor helle. 43. Langrøys 14 x 2 m NO-SV, låg. Ligg i ein bratt bakke med fotkjede langs nedre kant. Neumann nr. 11. 44. Langrøys 14 x 3 m NO-SV, låg. Fotkjede som ved 43. Neumann nr. 12. 45. Langrøys 17 X 4 m NO-SV, låg, litt utkasta. Neumann nr. 13. Moderne klinknaglar f. nedimellom steinane. 49. Røys 13 m tvm., 1,5 m høg, lynggrodd, mogleg fotkjede. Graven og restaurert 1932 (Kristen Lindøe). Det vart ikkje funne grav, berre tørr røys med litt jord nedst. 51. Langrøys, firkanta, 16 x 4 m ONO-VSV, 1 m høg, lyngkledd. Stein i kvart hyrne. 53. Røys 15 m tvm., 1,5 høg, lyngkledd, fotkjede i nordre kant. Skadd i søre helvt. 54. Røys 9 m tvm., 1,5 m høg, lyngkledd. Skadd i søre helvt. 55. Langrøys 30 x 7 m ONO-VSV. Langs midten tett rekkje av svære rullesteinar, med oppreiste steinar i begge endar. Røysendane er runde. Ein del sår i overflata.Midt i er f. ein dunge nevestore kvite kvartsittar. Neumann nr. 15. 56. Røys 22 m tvm. 1,75 m høg. Restaurert 1932 (Kristen Lindøe). Var tidlegare "Sterkt ødelagt med et dypt søkk i midten, og især på nordsiden var steinene veltet utover foten". Etter Lindøes snitt av røysa er det like vel ikkje noko til hinders for at her kan ha vore eit opphavleg krater, utjamna på nordsida. Restaurert utan krater. Neumann nr. 20. 59. Røys, berre tuft att, 13 m tvm., fotkjede. 60."Storrøysa" 24 m tvm., 5 m høg. Restaurert 1932 (Kristen Lindøe). Utgraven 1951-54 (Erik Hinsch), oppattbygd 1959 (Birger Simonnes) og for å få plass til all steinen måtte røysa bli konisk; ein lang stein i fylla vart reist på ende i toppen. - Røysa hadde eit 1 m tjukt botnlag av strandstein og sand med oldsaker som høyrer til nedre buplassområde (fk. nr. 32). Over dette låg i midten ein kjerne av lys strandstein, derover vanleg strandstein. Røysa hadde fotkjede mura av noko store steinar og ca. 3 m innanfor gjekk ein liknande mur, mellomromet fyllt av vanleg røysfyll. På ytre mursida såg det ut som det hadde vore reist låge heller på kant. - Før 1932 hadde røysa vore utjamna til fiskeplatting, og før det "var der et dypt hull i midten på den". Det går ikkje fram om Hinsch har vore retteleg klar over dette, - I nordaustre kvadrant låg B 12199 saman med spreidde brende bein som utgravaren meinte måtte vere primærgrava - annan grav var der då heller ikkje. Neumann nr. 19. 61. Langrøys 13 X 5 m NO-SV, låg og tilgrodd. Mannslang open kiste av store steinar litt O for midten. Utgraven 1952 (Erik Hinsch) utan funn, men var plyndra før. Der låg ein nedfallen bautastein, 62. Røys 14 m tvm., 1,5 m høg, med konkave sider dekt med tjukk torv, fotkjede. Litt utkasta. I røysdekket låg B 11186. 63. Røys 15 m tvm., 1,75 m høg, tynn torv over nedre del. Litt utkasta. 64. Røys 10 m tvm., 1 m høg, vestre del utkasta. 65. Røys 11 m tvm., 1 m høg, dekt med tynn torv. Utkasta. 67. Langrøys ligg med austenden 1 m SV for 5, 16 x 5 m NV-SO. 68. Langrøys ligg 4 m NO for 67. 21 x 4 m NV-SO. 85. Tresidet Røys ligg tett N for 61, endane peikar mot V, NO og SSO og slik at ein stein utfor sørenden står i kanten på 61. Utgraven 1952 (Erik Hinsch). Der var merke etter tidlegare plyndring og inga grav, B 10709 I. 86. Grav under flat mark låg på bnr. 12, 7-8 m O for gjerdet i V, 10 m opp frå strandmelen og 5 m frå Storrøysa, nr. 60. Ho var ei kiste av store koppsteinar, 2 x 0,50 m SO-NV, dekt av 4-5 små heller. Botnen var store koppsteinar ujamnt dekte med mold og småstein. Utgraven 1949 (Per Fett). Oldsaker var der ikkje, men eigaren hadde f. eit par blåskjel. Over dekkhellene hadde lege eit lag koppstein under torva. Nr. 59, 62-65 er visseleg Neumann nr. 21. Elles er her røysar på 4-7 m tvm. og 0,5-1 m høgd. Thesen melder at her er funne våpen o. a. Når Strøm under Ristesund nemner "12 Kiæmpe - Grave" av kampestein, "af hvilke de fleste skal have en usedvanlig Størrelse og deri saa vel som i andre Ting fuldkommen ligne de Steen - Høie, der findes paa [Bringsinghaug]....", så viser sjølv ordlaget hans at han ikkje har sett røysane sjølv; dinest har han truleg høyrt om Dysa og andre liknande vollar på Ristesund (jfr. fk. nr. 2), og desse opplysningane må han ha misforstått. Kraft (1832) nemner og 12 "Kampesteen - Dynger" på begge gardane, vel med Strøm som kjelde. Truleg er dette den djupare grunnen til at fk. nr. 16 i seinare litteratur så sjølvmotseiande har vore lagt til "Bringsinghaug ved Ristesund" e. l. Av denne grunn kan vi vel og gå ut frå at B 3678, som er oppført under Ristasund, i røynda kjem herfrå.