Lokaliteten ligg i overgangen mellom innmark og utmark på gnr. 289, bnr. 2 og 3, på Espeland, i Bergen kommune. Den ligg 30 meter aust for einebustad og garasje, i areal som er flatt i sørvest og som elles har lett fall mot nord og nordaust. Sørvest og nordvest for lokaliteten er det markante knausar og i aust er det bratt steinur. Innmarka er meir brei og ope i sør, medan det smalnar av mellom knaus og steinur i nord. Sentralt på lokaliteten, i kanten mellom innmark og utmark, ligg det ein større steinblokk. Sør for denne er det eit oppkomme, og vatn frå dette renn aust for blokken, langs steinura og ned mot ei gamal løe i nord. Lokaliteten er definert av funn i sjakt 23, 25, 27 og 28, i form av strukturar, dyrkingslag og gjenstandsfunn.
Den funnførande sjakt 23 ligg heilt sørvest på lokaliteten. Sjakta er 31 meter lang, 3 m brei på det smalaste i sør og 9 m brei på det breiaste i nord. Her er det registrert 8 strukturar (struktur 2-4, 7-10, struktur 6 avskrevet). Her er skrint, med lite matjord, mykje berg i dagen og elles undergrunn av brun grå grus og sand. To av strukturane er radiologisk datert, struktur 5 er datert til overgangen mellom mellomalder og nyare tid (1540-1634 e. Kr og 1456-1529 e. Kr), og struktur 8 er datert til mellomalder (1312-1362 e. Kr og 1386-1428 e. Kr). På utskiftingskart for garden Espeland frå 1894 er det teikna inn eit lite klyngetun rett vest for sjakt 23. Dateringane av strukturane 5 og 8 til mellomalder samsvarar godt med dette.
Sjakt 25 er grave tett på steinblokk sentralt på lokaliteten, og er 9,5 meter lang, 3 meter brei i sør og 5 meter brei i nord. Under graving av sjakta var det mot steinblokk oppdaga det som såg ut til å vere ein gjenstand i gull (B18647/1). Saman med arkeologar frå Fornminneseksjonen ved Universitetsmuseet i Bergen vart gjenstanden forsiktig grave ut av profilen nordaust i sjakta, før det vart teke til Universitetsmuseet for reins og konservering. Funnet, som er betalingsringer av gull, er på om lag 156 gram og består av sju gullringar som er festa til ein større oval gullring. I forsøk på å finne fleire gjenstandar vart det hyra inn mannskap frå Rygene Detektorklubb som søkte rundt steinblokk og i utgravne massar. Det vart og henta inn intern mannskap som sålda store mengde utvalde massar frå profil i sjakta. Metalldetektor-søket viste seg å vere resultatlaust, men såldinga resulterte i funn av ei lita gullspiral (B18647/2). Spiralen er funne i lag 120, om lag 40 cm frå funn av betalingsringane.
Sør i sjakt 25 er det registrert ein struktur vurdert som ei kokegrop. I plan er strukturen sirkulær i forma med ein diameter på 1,3 meter, den har massar av feit, gråbrun silt, spetta med trekol. Strukturen er snitta. Det er teke ut tre prøver for radiokarbondatering. Prøva frå trekollinsa i botn (246496VP7, beta-597533) resulterte i ei datering til 1219-1280 e. Kr, mellomalder. Frå fyllmassane i strukturen er det funne eit kleberkarskår.
Sjakt 27 er 3 m lang, 2,6 m brei og ligg i skråning med fall slakt mot nordaust. Det er her registrert dyrkingslag som er dokumentert i profilvegg aust i sjakta. Under matjordslaget ligg det eit gråbrunt lag av jord iblanda sand, silt, grus, spetta med trekol (lag 2). Laget er om lag 30 cm tjukt og er vurdert som eit dyrkingslag. Det er teken ut to trekolprøver av laget, ei mot toppen av laget (276496VP9, beta-597534) og ei mot botn (276496VP10, beta-597535). VP9 resulterte i ei datering til 1021-1158 e. Kr, vikingtid-mellomalder, og VP10 i ei datering til 424-564 e. Kr, folkevandringstid. Laget er følgt av eit liknande, men meir gråleg lag, som også er vurdert som dyrkingslag, datert til (276496VP11, beta-597536) 362-539 e. Kr, romartid-folkevandringstid. I botn er det eit lag av mørk brun sand, silt og grus med noko trekol. Trekolprøve frå dette laget (276496VP12, beta-597537) er ikkje send til datering grunna utilstrekkelig mengd trekol.
Sjakt 28 er grave nord på lokaliteten, rett nord for sjakt 27. Sjakta var 14 meter lang og 3,5 meter brei, og orientert NNA-SSV. Her er spor av same dyrking som i sjakt 27, samt ein større eller to mindre strukturar i nordenda. Dårleg ver og tilsig av vatn gjorde dokumentasjon ikkje var mogleg. Det var ei større grøft eller veite sørvest i sjakta.
I dei tre funnførande sjaktene på lokaliteten er det påvist spor av aktivitet frå eldre jernalder til mellomalder. Her er spor etter forhistorisk dyrking, ei rekke strukturar, samt ein steinblokk med rituell-kultisk funksjon. Steinblokken som gullfunna er gjort ved har truleg vore ein offerstein i eldre jernalder. Ved steinen er det gjort funn av fleire gullgjenstander, og sjølve steinen sin beliggenhet tett på steinur og drikkevasskjelde, samt at den ligg på grensa mellom innmark og utmark, er typiske trekk for arkeologiske funn og lokalitetar med rituell karakter. Det er rimeleg å tru at her kan vere fleire offergjenstandar som ikkje var mogleg å påvise gjennom registreringa, til dømes fordi dei ikkje er av metall og ikkje let seg påvise med metallsøker, til dømes keramikk og glas, eller fordi dei ligg djupare i jorda eller i myra bak steinen, utafor metallsøker sin rekkevidde. Strukturene og dei stratigrafiske laga på lokaliteten som er radiologisk datert til mellomalder har truleg samanheng med klyngetunet på garden som har ligget like ved.