Lygra - Fetts fk. 11, Øyjorda

Ved registreringa vart det funne åkerreiner, rydningsrøyser, eit båtopptrekk, ei gravrøys, eit trappeanlegg og kolmiler. Ved seinare undersøkingar er det dessutan funne tre hustufter som ligg på ein nord-sør gåande bergrygg på Øyjorda. Vidare har pollenundersøkingar gjort det mogeleg å påvisa garden sine slåttemarker. Heile øydegarden sitt innmarksområde med tun, åkrar og slåtteland tykkjest etter dette å ha ei utstrekning på kring 650 x 200-250 m og omfattar i alle høve dei sørlegaste 2/3 av den austlege delen av Lurekalven. Åkerreinene som vart registrerte, ligg i solvende skråningar og oftast er dei avgrensa av myr og småknausar. Dei små rydningsrøysene ligg alle utanfor åkerarealet og i regelen inntil jordfaste steinar. Båtopptrekket ligg nede i Florsvika og markerer seg ved to parallelle steinrekker ovanfor fjøresteinane.

Identifier
Source http://kulturminnesok.no/ra/lokalitet/6415
Metadata Access https://kart.ra.no/arcgis/rest/services/Distribusjon/Kulturminner20180301/MapServer/7/query?objectIds=33985&outFields=*&returnGeometry=true&f=geojson
Provenance
Creator Vestland fylkeskommune
Publisher Askeladden
Publication Year 2004
Rights NLOD (https://data.norge.no/nlod/en/2.0/)
OpenAccess true
Contact askeladden.hjelp(at)ra.no
Representation
Language Norwegian
Version 20180301
Discipline Archaeology
Spatial Coverage (5.077W, 60.703S, 5.085E, 60.709N); Alver