Lokaliteten ligg på innmark aust i planområdet, mellom grusveg som leder til kai i nord, og elv i sør. Lokaliteten ligg i ei svak forseinking i terrenget, og er definert av to funnførande sjakter, sjakt 1 og 4. Det er her send fire dateringar for tidfesting av ulike stratigrafiske lag. Mot botn er det registrert to lag med datering til eldre steinalder, medan i øvre del er det spor av fossilt dyrkingslag, frå bronsealder og mellomalder. Lokaliteten er avgrensa av funntomme sjakter i vest og sør, og av skrint terreng i aust og moderne forstyrringar i form av ein veg i nord. Det er gjort dokumentasjon og henta dateringsprøver ved oppreinsa profil sørvest i sjakt 1.
Seks trekolprøver vart teken ut av profilen i sjakt 1. VP1 vart teke i midten av lag 2, som er det første laget under torva. Laget er truleg meir moderne dyrkingsjord, og prøva vart ikkje send til datering. Lag 3 var massar av gråbrun jord iblanda silt og sand, lett trekolspetta. Laget er meir mørk enn laget over. Dateringsprøva VP2 (beta-643391) resulterte i kalibrerte 1480-1640 e. Kr, overgang mellomalder-etterreformatorisk tid. Laget er følgt av eit svart, litt feitt lag av jord, silt og trekol. Laget vart ved VP3 (beta-643372) datert til 1498-1378 f. Kr, eldre bronsealder. Lag 5 er eit lag med brun jord og silt, med myrpreg. Trekolprøva frå lag 5 vart ikkje send til datering.
Lag 6 er eit lag av svart trekol, iblanda silt. VP5 (beta-643373) frå lag 6 resulterte i kalibrert datering til 6076-5978 f. Kr, eldre steinalder. Laget er følgt av brun jord og silt med myrpreg (lag 7), ei tynn lysegrå linse av sand og silt (lag 8), og igjen eit lag av brun jord og silt med myrpreg (lag 9). Lag 10 har likskap med lag 6. Her er svart trekol iblanda silt. Dateringsprøva VP6 (beta-643374) resulterte i 6456-6366 f. Kr, eldre steinalder. Datering av både lag 6 og 10 er basert på innsending av brent nøtteskal. Under lag 10, i botn av profilen er det undergrunn av lys grå, grov grus, sand og stein.
Under graving av sjakta og oppreins av profilen vart det ikkje funnet littiske gjenstandar i massane frå dei to laga med steinalderdatering. Heller ikkje vasking av trekolprøvene frå dei to laga resulterte i funn. Det vart avgjort å grave eit større prøvestikk ned til nivået for å sålde meir av massane, men dette søket etter gjenstandar vart òg resultatlaust. Lag 6 og 10 er truleg spor av kulturlag som er fritt for littiske gjenstandar.