Lok. 109 på E39 Stord-Os (Hordfast)
Lok 109 består av busetnadsspor frå steinalder. Lokaliteten ligger ca.15 moh. og dekk ca. 723 m2. Lokaliteten ligg på ein liten odde som er vendt ut mot Ådlandsvatnet i vest. Lokaliteten ligg på ei forhøgja flate som har fallande terreng rundt i nord, sør og vest. I aust stiger terrenget opp mot E39 som ligg ca. 20m frå lokaliteten. Dei funnførande prøvestikka ligg plassert lengst aust på flata. Flata er tett bevokst av små lauvtre. Det går ei kraftlinje over området frå nord til sør.
Lokaliteten består av 3 funnførande prøvestikk og til saman 53 funn.