Lokaliteten ligg på ei lita, nordvest-vendt flata på ein skogkledd bergknaus omkring 10 moh, på gnr. 45, bnr. 1. Lokaliteten er noko vanskeleg å avgrense grunna vegetasjon, men er på omkring 246 m². Flata er avgrensa av terrenget mot sør, vest og nord, med bratte skråningar ned mot sjøen i aust og nordaust, og mot dyrka mark i vest og sørvest. På søraustleg side er det bygd eit bustadhus med hage i nyare tid. Flata og området rundt er dekka av tett lauvskog. Lokaliteten er definert av to funnførande prøvestikk, SSR.3 og SSR.4.
Det var gjort 6 funn på lokaliteten, 1 flintavslag frå SSR.3 og 5 flintavslag frå SSR.4. I SSR.4 er det funn frå antatte uforstyrra massar, mens i SSR.3 er det kun funn frå antatte forstyrra massar. Prøvestikka er omkring like djupe, 42-45 cm, og i botn er det fyllitthaldig silt med knust stein og berg. Antageligvis treffer ein berg like under dei harde massane. Torva er 0-10 cm tjukk. Under torva ligg eit gråbrunt humus- og grushaldig siltlag, som virkar forstyrra og omrota i nyare tid, dette er omkring 8 cm tjukt. Prøvestikka har så et raudbrunt, grushaldig siltlag, som er tolka som uforstyrra massar.
Lokalitetens høgde over havet tilsier at den vart strandbunden under tapastransgresjonen som sett den til mellommesolitikum, og strandbunden i mellomneolitikum, periode A.