Selsøy - Kverne II

Lokaliteten måler omlag 75 x 25 m, orientert VNV-OSO. Flata i nord er gras- og buskvaksen og fleire stader stikk berget i dagen. På nokre av bergknausane ligg det små dungar med nevestor stein. Kanskje kan dette området ha vorte nytta som åker. Her vart det teke 6 prøvestikk på ei O-V gåande line. Alle stikka, med unnatak av det vestlegaste, gav funn. Funna låg spreidde nedover i brunjorda og det var ikkje teikn til konsentrasjonar ved noko særskild djupne. Bitar av takstein vart funne 10 - 15 cm under torva. Desse kan tyde på at jorda her er omrota. På myrflata vart det ikkje teke prøvestikk, men på markflata rett S for løa blei det teke 4 prøvestikk. Alle desse gav funn. Vidare vart det teke prøvestikk på den nordlege delen av flata på vestsida av løa. Desse gav også funn. I området SV for løa er det idag myr. Det er godt mogeleg at prøvestikk her og ville ha gjeve funn. Med andre ord er det god grunn til å tru denne lokaliteten og lokaliteten R 002, Løåkeren, eigenleg er éin samanhengande lokalitet. Dette er det likevel ikkje mogeleg å seia noke nærare om før området har vorte grundigare undersøkt. Ved undersøkinga i 1989 vart det opna opp to sjakter. Det vart ikkje registrert kulturlag i sjaktene, og lokaliteten vart ikkje undersøkt vidare.

Identifier
Source http://kulturminnesok.no/ra/lokalitet/16104
Metadata Access https://kart.ra.no/arcgis/rest/services/Distribusjon/Kulturminner20180301/MapServer/7/query?objectIds=38375&outFields=*&returnGeometry=true&f=geojson
Provenance
Creator Vestland fylkeskommune
Publisher Askeladden
Publication Year 2008
Rights NLOD (https://data.norge.no/nlod/en/2.0/)
OpenAccess true
Contact askeladden.hjelp(at)ra.no
Representation
Language Norwegian
Version 20180301
Discipline Archaeology
Spatial Coverage (5.103W, 59.891S, 5.104E, 59.891N); Bømlo