Dyregrav, sletta. Grava lå på ein haug ca 20 m vest for huset til Gunnar Nyborg (jfr. felt.reg. nr 5). No er landskapet heilt omforma etter at kommunen har opparbeidd Heslaskogen bustadfelt. Grava låg på grensa mellom Vesterhuset og Heslaskogen bustadfelt, der det nå er opparbeidd ein gangveg. Omlag der grava låg, er det nå eit kumlokk. Grava var tilnærma sirkelforma med ein diameter på under 2 meter. Djupna kan ha vore ca 70 cm. Det kan ikkje utelukkast at det har vore ei kolmile. Men informanten meiner det var ei dyregrav. Han har tidlegare sett liknande dyregraver i skogen andre stader.