Lok. 88 på E39 Stord-Os (Hordfast)
Lok 88 består av aktivitetsspor frå steinalder. Lokaliteten ligger ca. 19 moh. og dekk ca. 140 m2. Lokaliteten ligg på ei lita flate i eit område med dyrkamark. Flata er vend ut mot vågen i aust. Det går ein bratt skrent ned mot sjøen like utanfor flata.
Lokaliteten framstår som kraftig forstyrra. Det ligg ei open veite i nord og det går ei veite i bakkant mot vest.
Lokaliteten består av 1 funnførande prøvestikk og til saman 4 funn.
Det er gjort funn av to bipolare kjernar i kvartsitt , eit avslag i kvarts og eit avslag i kvartsitt.