Det ligg slagg i den bratte halli i ca. 20 m lengde. Ei skrede med slagg i har gått like ut i bekken. Oppe på brinken er 3 holer med slagg og brent leire i. På SV-sida, på andre sida av Haldisdokkhovda, går ei lang jarnhaldig myr. Ved bekken der blesteplassen syner, er det svært lite myr. På heimstølvollen Perstølen vart det funne slaggklumpar med brendt leire på, men staden er gøymt under ei svær steinrøys, etter jorddyrking for mange år sidan. Asle Kvelperud, 3570 Ål har gjeve opplysningar og peikt ut staden.