Kårevik, Lok. 3

Aktivetsområde frå steinalder, bronsealder og jernalder på dyrka mark. Steinalder: Lokalitet 3 er definert av 13 positive prøvestikk; APK.1, APK.2, APK.3, APK4, APK.5, APK.6, SSR.1, SSR.2, SSR.5, SSR.7, SSR.8, SSR.11 og SSR.15. Alle prøvestikka er målt inn som enkeltminne, ettersom heile lokaliteten er skada og ein ikkje kan definere eller avgrense lokaliteten av uforstyrra masser. Under ligg tabell med kvart prøvestikk, Askeladden id, skildring og funn. Videre følgje kart med alle prøvestikk og PS nr og kart med prøvestikk som enkeltminne med Askeladden id. Det er ikkje tatt dateringsprøver frå prøvestikka ettersom alle funnførande lag er mogleg forstyrra.
Prøvestikk APK.1-6 og SSR.1,2 og 5 har alle eit tynt lag med torv, følgt av mellom 10 og 30 cm med matjord/pløyelag. Dei ligg alle på hovuddelen av marka, som kan bety at dei har vore mest utsett for pløying. Under matjorda har APK.2, APK.3, SSR.2 og SSR.5 grushaldige massar. SSR.1 endar i berg under matjorda. Desse prøvestikka har berre funn frå dei forstyrra massane i toppen (matjord). Det er for det meste funne flintavslag. APK.1 har eit kolhaldig lag under matjorda, og flintfunn i dei djupare massane. Dette kan bety at massane under er uforstyrra. Det vart lagt ei sjakt over stikket, for å sjå om det kolhaldige laget kunne vere ein struktur. I sjakta vart det derimot funne grøfta til ei vassleidning rett aust for prøvestikket og det kan difor hende massane er forstyrra. APK.4 og APK.6 enda begge i steinsamlingar, og etter sjakting vart det påvist veiter som gjekk gjennom stikka. Desse er difor tolka som forstyrra/skada. Grunna 100 flintfunn i APK.6, inkludert store avslag med cortex, er det nærliggande å tru at massane som vart brukt til å fylle igjen over veita er tatt frå eit steinalderaktivitetsområde. Sannsynlegvis ikkje langt i frå prøvestikket. APK.5 har eit flintfunn frå eit oransjebrunt sandlag med grus mellom matjorda og det grushaldige laget i botn.
SSR.7, SSR.8, SSR.11 og SSR.15 har alle eit tjukkare lag med torv og er grunnare, med berre 28-35 cm ned til berget. SSR.7, 8 og 15 ligg på ei høgde aust på lokaliteten, som ikkje har vore slått dei siste åra. Høgda vart inngjerda, og det har gått ein hest der. Massane under torva var omrota, med mykje moderne funn (tegl, glas ol.). Det vart fleire funn her, spesielt i SSR.7 (32 funn) og SSR.15 (14 funn), inkludert flekkefragment og ei kjerne. Dette kan tyde på at det har vore aktivitet på denne høgda i steinalderen, men plassen er øydelagt av pløying. SSR.11 ligg sør på lokaliteten, opp mot høgda med uthuset. Det vart funne 3 flint i dei omrota massane her.

Bronsealder/jernalder: Eldre bronsealder-/jernalderlokaliteten er definert av 5 funnførande sjakter; Sjakt 4, 5, 6, 7 og 10. Alle sjaktene er også registrert som enkeltminne, grunna dei moderne forstyrringane og vanske med å avgrense lokaliteten. 3 kolprøver frå lokaliteten var analysert, som var datert til eldre bronsealder og overgang seinneolitikum/eldre bronsealder. Under sjaktinga vart det oppdaga fleire veiter og moderne forstyrringar. Bland anna ei vassleidning som gjekk gjennom heile marka og ned til sjøen. Denne vart funne i sjakt 6, 9 og 11. Utfyllande informasjon om strukturar under enkeltminnar.

Identifier
Source http://kulturminnesok.no/ra/lokalitet/299757
Metadata Access https://kart.ra.no/arcgis/rest/services/Distribusjon/Kulturminner20180301/MapServer/7/query?objectIds=2849497&outFields=*&returnGeometry=true&f=geojson
Provenance
Creator Vestland fylkeskommune
Publisher Askeladden
Publication Year 2023
Rights NLOD (https://data.norge.no/nlod/en/2.0/)
OpenAccess true
Contact askeladden.hjelp(at)ra.no
Representation
Language Norwegian
Version 20180301
Discipline Archaeology
Spatial Coverage (5.476W, 59.756S, 5.478E, 59.758N); Stord