Nyreg.

Tufta er orientert N-S med opning mot fjorden i S. Ho måler 18 x 17 m i ytre mål, men har truleg strekt seg noko lenger mot S, avdi ho i dag er avbroten av ein tversgåande steinmur. Tufta er ikkje fullstendig då den langsgåande austre veggvollen ned mot fjorden manglar. Dei indre måla vert følgjeleg uvisse, men ser ut til å ha vore 12 x 7 m. Vollane er 1,5-2,0 m høge. Tufta er heilt grasvaksen, men ein kan kjenne steinar/blokker langs vollkanten. I sørenden av den vestre langsgåande vollen ligg ei blokk i dagen som er 0,5 x 0,5 m stor. Langs vollkantane veks det furutre. Det veks også nokre i sjølve tufta.I følgje Leiv Slinde (bnr. 1) er dette restar av ei nausttuft frå vikingtid. Han la vekt på at det var særs gode hamnetilhøve her. O for tufta ligg Herehaugen som Slinde meinte kunne ha vore samlingsstad for ein hær.

Identifier
Source http://kulturminnesok.no/ra/lokalitet/25589
Metadata Access https://kart.ra.no/arcgis/rest/services/Distribusjon/Kulturminner20180301/MapServer/7/query?objectIds=57012&outFields=*&returnGeometry=true&f=geojson
Provenance
Creator Vestland fylkeskommune
Publisher Askeladden
Publication Year 2009
Rights NLOD (https://data.norge.no/nlod/en/2.0/)
OpenAccess true
Contact askeladden.hjelp(at)ra.no
Representation
Language Norwegian
Version 20180301
Discipline Archaeology
Spatial Coverage (6.926W, 61.160S, 6.927E, 61.160N); Sogndal