Lokaliteten ligg nord-aust for lokalitet 299872 og 299880, på ca. 64-66 moh. To negative sjakter skil lokalitet 299880 og 299881. Funn av tofasa dyrkingslag, der det yngste laget førekomer i heile sjakta. Det eldste dyrkingslaget er meir sporadisk, der dei to største lagrestane er målt inn i plan. Sjakta er omkring 100-110 djup. Det var ein tjukt lag med moderne matjord før ein kom ned på undergrunnen, som består av laus, lysoransje silt med mange, store steinar (20-150 cm i diameter). Ein stor kampestein avslutta sjakta i vest. Deler av dyrkingslaget vart gravd vekk med maskina for å undersøkje djupna. Det bestod av kompakt, mørkegrå kolhaldig silt, noko grus og stein i laget.