Orrestille

Ein ca. 30 cm høg mur som ligg i ein firkant eller sirkel med ca. 1,5 m diameter, og med ei lita opning framme. Dette var ei såkalla orrestille, det vil seie "grunnmuren" til ei kamuflasjehytte av greiner og lauv der skyttaren sat og venta på orreleik på myra like ved. Det finst to slike her, med få meters mellomrom. Grunneigaren har høyrt av sin bestefar at dei skal vere gamle, gjerne frå tida med pil og boge, før tida med børse. I 1950-åra blei det slutt med å svi lyngen, og heiane voks til med skog, så at orrfuglen blei gradvis borte. Sidan 1967 har det vore ulovleg med orreleik-jakt.

Identifier
Source http://kulturminnesok.no/ra/lokalitet/294987
Metadata Access https://kart.ra.no/arcgis/rest/services/Distribusjon/Kulturminner20180301/MapServer/7/query?objectIds=2746281&outFields=*&returnGeometry=true&f=geojson
Provenance
Creator Agder fylkeskommune
Publisher Askeladden
Publication Year 2022
Rights NLOD (https://data.norge.no/nlod/en/2.0/)
OpenAccess true
Contact askeladden.hjelp(at)ra.no
Representation
Language Norwegian
Version 20180301
Discipline Archaeology
Spatial Coverage (7.648W, 58.466S, 7.648E, 58.466N); Evje og Hornnes