Tuft som ser ut som grunnmur til eit lite naust. Ligg ca. 20 m frå vannkanten inne i ei bukt nord i Nedsta Dukavatnet. Muren måler innvendig ca. 3x1,2 m NV/SØ med åpning mot vannet, rundt 1 m høy. Utvendig ca. 4,5 x 3 m (målt ut frå flyfoto). I muren ligg ein morken stokk på tvers, og en stor stokk ligg på tvers mellom muren og vatnet – truleg eit båtopptrekk.
Det er ikkje andre inngrep eller installasjoner på denne sida av vatnet. Ein dam ved Øvsta Dukavatnet vel 800 m nordøst er det nærmaste. Derfra er det rydda veg i austsida av vatnet til dammen i sør. Det er ikkje usannsynleg at tufta og bruken av den har samanheng med damanlegga i området.