Helgasteinen vart brukt til bøn/messe. jf Aarflot 1949. Helgasteinen er ei laus steinblokk med største lengd A-V: 3,8m, breidd N-S (eig.NNV-SSA) 3m og maks høgd 1,4-1,5m. Steinblokka har ein ujamn topp mot nord og ei noko mindre ujamnt skrånande flate ned mot S. 4m N av Helgasteinen står som P. Fett skriv, ein opprøyst stein. Denne steinen er ca 55cm høg. 35cm brei, tjukkelse i topp ca 10cm, tjukkelse i botn, ca 30cm. Kring Helgasteinen ligg ein og annan mindre stein, den største av desse ligg inntil Helgasteinen i A og har eit tverrmål på vel 1m. På sjølve Helgasteinen finns mange fordjupningar, dels i rekker. Dette synest å ver egeologisk betinga. A. Larsen har påpeikt at det bør undersøkast om det her er skålgroper. Stikkprøver under mosen peika ikkje i retning av at det her bevisst var laga skålgroper. Dei djupaste og mest karakteristiske holene finns SV på steinen samt på toppen. Gjennom heile Helgasteinen gjeng ein gjennomgåande sprekk i A-V retning, 6cm ovanfor sprekken, ca midt på den skrånande flata er eit borehol, ca 3cm i diameter. Steinen er sterkt prega av mose og lauvvekst. I allefall 4 sortar lav og 2 sortar mose vart observert. Barnåler samlar seg i fordjupningar. Sjølv om her er som ein lund rundt, er det relativt god lufting, dvs neppe fuktig klima.