Beskrivelse fra lokalitet:
I fylgje Per Fett (1954) er "gravhaugen" 18 m i tverrmål og kring 2,5 m høg. Desse måla er i dag umogleg å kontrollera avdi gravhaugen er fullstendig tilvaksen med barskog, lauvskog, einer og klunger. Haugen skal vera bygd av stein med tjukk torv på. Frå O går det eit stort hol inn mot sentrum av haugen. NB! Ved registrering av kalkomn på nabogarden Gjuvsland, id 216137, vart underteikna av to lokalkjende, gjort merksam på at det som var registrert som gravhaug i Ferjevågen var same type kulturminne og hadde alltid vore omsnakka som kalkomn. Underteikna stussa litt på desse opplysningane og tok difor ein tur bort til Ferjevågen. I seinare år har skogen blitt fjerna så kulturminnet låg no heilt fritt. Det er svært mykje som tyder på at dette også er ein kalkomn og ikkje eit gravminne. Den er litt større men har heilt same form. Det store holet inn mot midten frå aust er etter tøminga av kalkomnen og inga plyndringssjakt. Alt i 1938 melder Anders Næss frå om dette kulturminnet og skriv at det har vore ein kalkovn: "I den ene kanten inn mot midten sees en større fordypning hvor der skal ha vært en kalkovn". Men han skriv også vidare at: "Haugen kan neppe være dannet av naturen eller være oppført av hensyn til kalkovnen". Det må poengterast at kalkovnen, både her og på Gjuvsland, er svært lik ein kalkovn frå Bømlo som er datert til middelalder og bygt annsleis enn dei seinare kalkomnane ein har kjent til frå nyare tid.
Beskrivelse fra Enkeltminne:
Mest truleg er dette ein kalkomn og ikkje ein gravhaug. Sjå NB! i lokalitetsbeskrivelse.