Lokaliteten ligg oppå ei kam som heller nedover mot sjøen i nordvest, omfattar 296,4 m2 og ligg på ca 76-87 moh. Det er eit lite tun med nokon gamle hus mellom lokalitet 1 (askeladdenid 299872) og 2 (askeladdenid 299880). I Midten av sjakta på ei flate blei det avdekt fleire uspesifiserte kolflekker. Då det ikkje var plass til fleire sjakter på sidene blei det føretatt ei utviding mot vest for å sjå om det dukka opp fleire strukturar. Det blei avdekt ei kokegrop og to mogelege grøfter og fleire uspesifiserte kolflekker. Sjakta blei dratt vidare nedover frå utvidinga for å ikkje øydelegge der det potensielt låg ledningar/kablar i aust. Sjakta er avgrensa av to negative sjakter i nord-vest.