Ein husmannsgut som heitte Reiår, og som budde på Ose, hadde hugteke seg i ei gardjente som heitte Rannei. Foreldra hennar ville ikkje vite av denne husmannsguten, men ho hadde likevel stemnemøte med han. Under eit bryllaup på Ose dansa Reiår med Rannei. Då kom det nokre ungdomar frå garden Moi inn i bryllaupsstova, og ein av dei ropte til Reiår: "Pil'e du deg inkje heim te, du din husmannsslarv, so ska du døy som ein hund'e". I sinne trekte Reiår tolekniven og drap Moi-guten. Gjestene batt Reiår og stengde han inne. Bygdefolk vart einige om at Reiår skulle få sleppe fri dersom han greidde å ri to gonger over toppen av Reiårsfossen. Reiår let hesten ta rennesprang så at både hest og mann hoppa over fossen, og likeeins tilbake. Bygdefolket jubla. Reiår vart overmodig og ropte: "Og so ri'e eg tridje gongjin yve åno fyr Sætisdals venaste jente". Rannei torde mest ikkje sjå på denne gongen. Ho reddast for at det ville gå ille. Men ho laut sjå likevel. Og med det same ho reiste seg opp, losna det ein liten stein som trefte hesten nett i det belet då hesten tok rennesprang. Hesten kvapp til, og både hest og mann gjekk i fossen. Med eit vilt skrik sprang Rannei til og ropte: "Reiår, nå kjæm'e eg etti" og kasta seg utføre stupet.