Trollkyrkjegarden er ei tradisjonslokalitet som dekker eit areal på ca. 23241 m2 nord for elvabytet i mellom tindane Storådalshornet, Kamben og Fokhaugtinden. Ifølge bygdeboka til Agnar Skeidsvoll består kulturminnet av ei steingard med to store ståande stein (heller) i midten med utgang rett sør, som lager ei inngangsportal. Inne i steingarden ligg det ei mindre krins på 30 meter i diameter, som er laga av torv, med et grøft rundt. Skeidsvoll meiner dette har vore ei samlingsplass mellom dalsbygdane Stordal, Valldal, Innfjord, Måndal og Tresfjord for å utøve førkristne ritualer. (Skeidsvoll 1959, s. 66)
I Per Fetts beskriving av kulturminnet frå 1950, og
Vassdragsundesøkingane frå 1980-talet er Trollkyrkjegarden registrert som eit halvsirkel-forma gjerde på ca. 70m i diameter med ei naturleg haug i midten. ca. 30 meter sør for haugen er det ein port i gjerdet med oppreiste heller. Gjerdet er ca. 50 cm høgt og er delvis utrasa og torvkledd. Frå fjellet ovanfor kan anlegget observerast som ein heil sirkel. (Gjerland ,1981). Gjersdal skiv også at området er lett farbart og antageleg har vore nytta som ei ferdselsåre mellom Stordal, Valldal og Tresfjord.