Tufa måler 9 m (NV-SO) x 6 m (NO-SV) i ytre mål og er 0,5 m høg. Ho er oval av form. Eine langveggen vert markert av ein voll som går i eitt med bakken, medan den andre langeveggen ser ut til å ha vore graven inn i bakken. Tufta er for det meste overvaksen av gras og mose, men opp til 0,7 m store steinar/blokker ligg i dagen i N og S. Det er også mogleg å følgja stein under grastorva i austveggen. Tufta har truleg hatt opning mot N. Tufta er vanskeleg å avgrensa fordi ho dels går i eitt med og dels er inngraven i bakken og ho er lite synleg. Inne i tufta ligg ein del stein. Kring tufta i N, V og S står tett granskog samnt nokre lerketre.