Dei indre tupter

Effuend Davidson Schaar, g.m. Gonnel Andersdtr. Grindem. Nedanfor husa på bruket på eit fjell ligg ein nokså stor stein. Her sat Effuind på sine gamle dagar og meisla inn si livssoga. Mange av Bjellandsprestane har gjennom åra vitja staden og prøvt å tyda innskrifta, men dei har nok ikkje gjeve seg tid, for heilt fram til våre dagar har steinen halde på løyndomen. Men så ein sumardag i 1920-åra lukkast det å frisk opp innskrifta med farge og få fram ei teikning og eit foto å lesa det som stod der. Professor Alexander Bugge hjalp til med tydinga, og saman kom ein til dette resultatet. På den eine side av steinnen står: 1632 - ANNO - EFTER - KR - TOG - EFEN - DAVITSØN. MET GUDS - HJELP - OG - NAADE - SOM - JEG - HAFER - SET - I - MANGE - MAADE - HANS - NAFN - SKE - LOE - AMEN. EFFEN DAVITSØN. På andre sida av steinen står: DET - VAR - MIT - VERCK - DER - JEG- VAR- UNG - NU - HAFUER - ALDREN -GIORT - MIG - TUNG - GUD - GIFUE - JEG - KUNE - BYGE - DER - SOM - JEG - TIL EVIG - TID - SKAL - VERE. ANO 1664 - EFVEN- DAVITSON - EGEN HAAND. På sørside av særehuset hadde Effuind reist ein høg, smal minnnestein over kona si, på den stod: JORENEL - DØDE - S: POLVELS - AFTEN. Innskrifta på minnesteinen er og tolka slik: GORENEL - DØDE - 1664 E. D. S. POVEL AFTEN. ----- ID 92443 er stroken fordi han var den same som ID 218198.

Identifier
Source http://kulturminnesok.no/ra/lokalitet/218198
Metadata Access https://kart.ra.no/arcgis/rest/services/Distribusjon/Kulturminner20180301/MapServer/7/query?objectIds=149561&outFields=*&returnGeometry=true&f=geojson
Provenance
Creator Agder fylkeskommune
Publisher Askeladden
Publication Year 2016
Rights NLOD (https://data.norge.no/nlod/en/2.0/)
OpenAccess true
Contact askeladden.hjelp(at)ra.no
Representation
Language Norwegian
Version 20180301
Discipline Archaeology
Spatial Coverage (7.409W, 58.442S, 7.409E, 58.442N); Lyngdal