To steinblokker ligg på line N-S med 4 m mellomrom, like O for stien. Om lag 3 m NNV for den nordlegaste av desse blokkene, like i kant med (V for) stien, ligg ei mindre blokk. Blokka lengst i S (Fjellet L 6) måler om lag 3,9 x 3,6 m, orientert N-S. Høgda på blokka er 0,8 m i SV. Blokka er noko ujamn og det veks litt mose på ho. På sørvestre kant av blokka er det 2 groper med 22 cm mellomrom. Dei ligg 30 og 40 cm inn frå kanten av blokka. Gropene måler kring 5 cm i tverrmål og er 0,5 og 1,5 cm djupe.Om lag 4 m NNO for Fjellet L 6 ligg ei blokk, om lag 6,3 x 4,0 m, orientert NV-SO. Blokka hallar svakt mot SV og høgda i NO er 1 m. V på blokka er det 3 groper innan eit område på 60 x 25 cm, orientert N-S. Gropene ligg 90 cm inn frå kanten på steinen. Dei måler 2,5-6 cm i tverrmål og er 0,5-2,0 cm djupe.I kant med (V for) stien, om lag 13 m N for Fjellet L 6, ligg ei 1,3 m vid og 0,4 m høg steinblokk. Her er 2 sikre groper, dei ligg på line orientert NNO-SSV, med 28 cm mellomrom. Dei ligg om lag 50 cm inn frå vestre kant av blokka. Gropene er om lag 5 cm i tverrmål og 1,5 cm djupe.