Eide, lokalitet 7

Lokalitet påvist ved maskinell sjakting i samband med detaljregulering for Stad skipstunell. Lokaliteten består av sjakt 15 og sjakt 16, samt sjaktene 39-40. Sjaktene 39-40 er utanfor planområdet på detaljregulering for Stad skipstunell, då dei ligg innanfor planområdet for Detaljregulering av Lesto næringsområde.

Sjakt 15 vart opna nær utgravingsfeltet etter den arkeologiske utgravinga av ID. 223886 i 2020. Lokalitet med ID. 223886 vart først registrert av Sogn og Fjordane fylkeskommune i 2016, før den vart grave ut av Universitetsmuseet i Bergen i 2020.

Lokalitet 7 ligg på gbnr. 265/1, på om lag 2-10 moh. Mot sør grensar den til ID. 223886, mot vest grensar den til traktorveg og Moldefjorden. I nord grensar den til negativ sjakt 41, og mot aust grensar den mot tunveg og gardstunet på eigedomen.

Sjakt 15 I sjakt 15 er massane i undergrunnen tørr, gul sand. Det dukka opp ein uspesifisert struktur, S1, med tilhøyrande steinpakning. Sjakta er forstyrra av dreneringsgrøfter to stader, noko sentralt i nordleg profil, i tillegg til grøft dekka av singel i sørlegast ende av sjakta.Vestleg del av sørleg profil er dokumentert i sjakt 15. Massane er 0-12 cm matjord, 12-20 cm lysebrun matjord, 20-27 cm gulbrun sand, 27-36 cm lysebrunt, feitt siltlag som opptrer sporadisk sør for strukturen, S1. 36-40 cm mørkebrun sand, før guloransje sand som er undergrunn

S1 S1 er einaste strukturen som vart registrert i lokalitet 7, saman men ein steinpakning som er tolka for å høyre saman med S1. Truleg har denne strukturen samanheng med lokaliteten som vart graven ut i 2020 (ID. 223886).

S1 er ein uspesifisert struktur. Den er 240x200 cm stor og inneheld mykje stein som er 15x15 cm store og større. Massane i strukturen er mørkebrun til svart, trekolrik, silt. Steinpakninga som ligg vest for S1, strekk seg om lag 210 cm før den går inn i profilveggen i sjakta. Steinpakninga strekk seg om lag 100 cm før den går inn i S1. Steinane i steinpakninga som er synleg i plan, er om lag 30x30 cm store. S1 vart ikkje snitta.

Det var sendt inn trekolprøve sentralt i S1, dateringsresultatet har framleis ikkje kome tilbake (pr. 28.03.2023).

Identifier
Source http://kulturminnesok.no/ra/lokalitet/298120
Metadata Access https://kart.ra.no/arcgis/rest/services/Distribusjon/Kulturminner20180301/MapServer/7/query?objectIds=2816484&outFields=*&returnGeometry=true&f=geojson
Provenance
Creator Vestland fylkeskommune
Publisher Askeladden
Publication Year 2023
Rights NLOD (https://data.norge.no/nlod/en/2.0/)
OpenAccess true
Contact askeladden.hjelp(at)ra.no
Representation
Language Norwegian
Version 20180301
Discipline Archaeology
Spatial Coverage (5.426W, 62.019S, 5.427E, 62.020N); Stad