Øvre Smeddalsvatn Lok. 2

Lokaliteten ligg ca 80 m A for brua ved utlaupet til Øvre Smeddalsvatn og 36 m NA for avkøyrsla frå E68 til Sluten seter. Lokaliteten ligg 99 m SV for lok. 1 (136348). Totalt ti funn i form av eit flintavslag og ni kvartsittavslag vart påvist i tre prøvestikk på eit om lag 20 m2 stort område. lokaliteten kom i konflikt med ankomstvegen til helikopter/lagerplassen og vart tildekt med duk og lausmasser. Under ei mindre undersøking vart eit fragment av ein flateretusjert spiss og forholdsvis mykje retusjeringsflis funne. Kartfestinga er omtrentlig.

Identifier
Source http://kulturminnesok.no/ra/lokalitet/136351
Metadata Access https://kart.ra.no/arcgis/rest/services/Distribusjon/Kulturminner20180301/MapServer/7/query?objectIds=114591&outFields=*&returnGeometry=true&f=geojson
Provenance
Creator Vestland fylkeskommune
Publisher Askeladden
Publication Year 2010
Rights NLOD (https://data.norge.no/nlod/en/2.0/)
OpenAccess true
Contact askeladden.hjelp(at)ra.no
Representation
Language Norwegian
Version 20180301
Discipline Archaeology
Spatial Coverage (8.021W, 61.165S, 8.021E, 61.165N); Lærdal