Lok. 92 på E39 Stord-Os (Hordfast)
Lok 92 består av busetnadsspor frå steinalder. Lokaliteten ligger ca. 20 moh. og dekk ca. 323 m2.
Lokaliteten ligg mot botnen av ein slak bakke. den ligg plassert inn mot ein liten knaus. Flata er vend ut mot vågen i aust. Det går ein bratt skrent ned mot sjøen like utanfor flata.
Lokaliteten består av 2 funnførande prøvestikk og til saman 127 funn. Det blei grove 2 sjakter innafor lokalitetens avgrensing. Det ble først sjakta i området, lokaliteten blei så avgrensa med prøvestikk. Majoriteten av funna blei samla inn frå overflata ev den eine sjakta.
Funnmaterialet består av kvarts, kvartsitt, bergkrystall, rhyolitt og flint.