Heggholmen - Lok. 40A , A1 - 40A-8

Feltet omfattar sju hustufter.Tuft 40 A ligg 26 m SSV for flomålet inst i Hjartøyvågen. Tufta er den nordlegaste av tuftene i feltet. Tufta er orientert O-V og har utvendige mål på 7 x 4,7 m, innvendige mål på 4,8 x 3,5 m. Ho er overgrodd med einer og lyng. Søre langveggen og vestre kortveggen er i god stand og markerer seg godt i terrenget. Veggene er bygde av store rullesteinar/blokker med diameter opp til 1,2 m. Nordre langveggen ligg heilt inn til ein bergrabbe, er nedrasa og dårleg markert. Det same gjeld også austre kortveggen. Eit prøvestikk inne i tufta gav funn av trekol, men ikkje gjenstandsfunn. Ei 14C-prøve av trekolet gav ein alder som ligg mellom 440 - 600 år e. Kr.Tuft 40 A-1 ligg like sør for tuft 40 A og har ein felles vegg med denne.Tufta har same orientering, utsjånad og storleik som tuft 40 A. Eit prøvestikk inne i tufta synte eit 5 cm tjukt, mørkt, trekolhaldeg kulturlag under eit 12 cm tjukt torvlag. I kulturlaget vart det funne fragment av kleberblanda spannforma leirkar. Ei 14C-prøve av trekolet gav ein alder som ligg mellom 270 - 450 år e. Kr.Tuft 40 A-2 ligg 5,9 m sør for tuft 40 A. Tufta er orientert O-V og er 7,7 x 5,6 m stor i ytre mål, 5,3 x 3,2 m i indre mål. Tufta er godt synleg med veggfundament som til dels går opp i 0,5 m høgde. Ho er bygd av blokker med tverrmål på nær 1 m. Inngangen har truleg vore i austre langveggen, der det er eit steinfritt parti som tyder på ei inngangsbreidd på 0,9 m. Det vart ikkje påvist kulturlag i tufta, men her vart funne eit stykke pimpstein.Tuft 40 A-3 ligg 3,4 m V for tuft 40 A-2. Tufta er orientert O-V og er 6,5 x 5,2 m i ytre mål og 3,1 x 3,4 m i indre mål. Ho er dårleg markert og synest berre som eit kvadratisk søkk i terrenget. Veggfundamenta er etter alt å døma bygde av store steinblokker. Eit prøvestikk i tufta gav funn av noko trekol, men ingen gjenstandar.Tufta 40 A-4 ligg 5,2 m sør for tuft 40 A-2. Ho er orientert ONO-VSV og er 5,8 x 4,2 m i ytre mål og 3,2 x 2,6 m i indre mål. Vestre kortveggen og nordre langveggen er svakt markerte. Veggfundamenta er bygde av løftestor rullestein. Prøvestikk i sentrum av tufta var heilt negativt.Tufta 40 A-5 ligg 16,5 m SSV for tuft 40 A-2. Ho er omgjeven av bergrabbar i V og S. Tufta er orientert NNO-SSV og er ca. 6 x 4,5 m i ytre mål. Måla er noko usikre då tufta er svært overgrodd og dårleg markert. Prøvestikk i tufta var negativt.Tuft 40 A-6 ligg 14,5 m V for tuft 40 A-2. Tufta er orientert VNV-OSO og er 6 x 4,5 m i ytre mål. Ho er dårleg markert då berre nokre få større steinblokker i veggfundamenta er synlege. Eit prøvestikk i vestre halvdel av tufta synte eit 12 cm tjukt, steinhaldeg, feitt trekolblanda jordlag under 20 cm med torv. I dette laget vart det funne ein del fragment av brende bein.

Identifier
Source http://kulturminnesok.no/ra/lokalitet/6466
Metadata Access https://kart.ra.no/arcgis/rest/services/Distribusjon/Kulturminner20180301/MapServer/7/query?objectIds=156727&outFields=*&returnGeometry=true&f=geojson
Provenance
Creator Universitetsmuseet i Bergen
Publisher Askeladden
Publication Year 2004
Rights NLOD (https://data.norge.no/nlod/en/2.0/)
OpenAccess true
Contact askeladden.hjelp(at)ra.no
Representation
Language Norwegian
Version 20180301
Discipline Archaeology
Spatial Coverage (4.778W, 60.594S, 4.779E, 60.595N); Øygarden