Myklestad - Fetts NB 2, Tømmeråsen

Helleren er orientert NO-SV og er omlag 47 m lang, men det er berre eit parti i midten, kring 10 m langt og 3 m djupt, som eignar seg i særleg grad for busetnad. Her er høgda frå golvet til taket ved dråpefallet ca. 3 m. Frå overhenget skrår berget innover og både NO og SV for buflata er helleren relativt låg. Den veleigna buflata er avgrensa av opp til 1 m store blokker i NO og mindre blokker i SV. I NO-delen av buflata stikk berget/ei blokk fram over eit område som måler 2 x 1,5 m, elles er golvflata grasvaksen med spreidde einebusker over det heile og klunger i den sørvestlege delen. Hellergolvet fortset ca. 1 m utanfor dråpefallet før terrenget skrår nedover mot Naustdalen i SO.Det er ikkje umogleg at andre deler også kan ha vore nytta til busetnad, særleg mot NO, men her er lågt under taket og det ligg ein del nedrasa blokker. Skogen veks heilt inntil overhenget i berget. Eit prøvestikk blei tatt omlag midt i golvet i den sentrale delen. Prøvestikket målte 0,20 x 0,19 m og var 30 cm djupt. Her fanst mørk kolhaldig jord med skjørbrend stein.

Identifier
Source http://kulturminnesok.no/ra/lokalitet/6067
Metadata Access https://kart.ra.no/arcgis/rest/services/Distribusjon/Kulturminner20180301/MapServer/7/query?objectIds=32671&outFields=*&returnGeometry=true&f=geojson
Provenance
Creator Vestland fylkeskommune
Publisher Askeladden
Publication Year 2006
Rights NLOD (https://data.norge.no/nlod/en/2.0/)
OpenAccess true
Contact askeladden.hjelp(at)ra.no
Representation
Language Norwegian
Version 20180301
Discipline Archaeology
Spatial Coverage (5.482W, 60.012S, 5.482E, 60.012N); Tysnes