Koltedal

Lengst i SA:1. Rektangulær hustuft. Orientert ca. VNV-ASA. Klårt markert, mindre godt synleg i lendet. Delvis graskledd. Ein god del stein syner i veggjene som er bygd av nokså små steinar og med dei største plassert langs ytterkanten, br. 0,8-1,0m, h. opptil 0,6m. Ingang i NNA langvegg og med ein 3 x 1 m vid helleleggning på utsida. Delvis hellelagt golv som skrår mot VNV. Utgravt v.Jan Petersen 1931. Iflg. innb. var her eit rom 8,25 m l. og 3,5 m br. Fjell stakk opp i golvet og det var bruleggning i øvre del (ASA). I leirgrunn var 3 stolpehol, 2 på N sida og 1 på S sida. Restar etter stolpane sto att i hola. Her var eldstad med kantsette steinar omkring. Det var inngang i begge langveggene. L. 9,75 m, br. 5,5 m. På S sida av fjellvegg ca. 37 m NNV for 1: 2. Rektangulær tuft. Orientert VNV-ASA. Vekslande markert, lite synleg i lendet. Graskledd. Ein del stein syner. Omlag midt på stikk ein jordfast stein opp. Syner som ein flate avgrensa av stein ytterst og kanskje steinsett inni, h. 0-0,2 m. N langside ligg inntil ein opptil 5 m h. fjellvegg. Ikkje utgravt.L. ca. 6 m, br. ca. 4 m. I eit skard ca. 28 m N for 1. 3. Gardfar. Orientert A-V. Nokså klårt markert, lite synleg i lendet. Delvis graskledd, noko stein syner. Ein stor stein utgjer ca. 5 m l. av gjerdet i V. L. ca. 18 m, br. 0,5-1,0 m, h. opptil 0,6 m.

Identifier
Source http://kulturminnesok.no/ra/lokalitet/24892
Metadata Access https://kart.ra.no/arcgis/rest/services/Distribusjon/Kulturminner20180301/MapServer/7/query?objectIds=159591&outFields=*&returnGeometry=true&f=geojson
Provenance
Creator Arkeologisk museum
Publisher Askeladden
Publication Year 2004
Rights NLOD (https://data.norge.no/nlod/en/2.0/)
OpenAccess true
Contact askeladden.hjelp(at)ra.no
Representation
Language Norwegian
Version 20180301
Discipline Archaeology
Spatial Coverage (4.869W, 59.300S, 4.870E, 59.301N); Utsira