Fetts fk.nr.1/7 Storeneset

Gravrøysa er om lag 16 m i tverrmål og 2 m høg. Ho er bygd av steinar/blokker, 0,1-0,7 m store. Steinane ligg i dagen, berre nokre er dekte av eit tynt moselag. I midten av røysa er det eit søkk, 7 x 7 m vidt og 0,4-0,8 m djupt. Det er òg nokre mindre sår i røysa, særleg i SV og NO. I vestre del ligg mykje utkasta stein. Midt i det store søkket veks eit rognetre. Elles står det lauvtre i kanten av røysa, mest langs den sørlege halvdelen av ho. Røysa er relativt klårt markert og godt synleg i lendet.

Identifier
Source http://kulturminnesok.no/ra/lokalitet/6060
Metadata Access https://kart.ra.no/arcgis/rest/services/Distribusjon/Kulturminner20180301/MapServer/7/query?objectIds=32670&outFields=*&returnGeometry=true&f=geojson
Provenance
Creator Møre og Romsdal fylkeskommune
Publisher Askeladden
Publication Year 2006
Rights NLOD (https://data.norge.no/nlod/en/2.0/)
OpenAccess true
Contact askeladden.hjelp(at)ra.no
Representation
Language Norwegian
Version 20180301
Discipline Archaeology
Spatial Coverage (6.409W, 62.385S, 6.409E, 62.385N); Sykkylven