Tisleifjorden - G053

Slaggforekomst med kolgrop. Ved båtnausta - i reguleringssona. Området med slagg strekker seg 85 m langs den nye strandlina. Omkring 160 m frå den naturlege strandlina i NA. Renneslagg og størkneslagg, med raudbrendt leire. Sidan slaggområdet er sopass langt, langs strandlina, ligg det nær å tru at det gøymer seg meir enn ei omn inne på land - under torva. Her er ikkje gjort prøvestikk. A. Kolgrop. I nordre ende av slaggområdet syner det kol i sanden, i ein tilnærma sirkelrund flekk, ca 2 m i diameter. B. Kolgrop. 200 m mot S er ei typisk kolgrop, i NV-re kant av stølsvollen, 6 m S for traktorveg som går opp på vollen. Sjå vedlagt ØK-utsnitt. Vedlegg: Generelt om fornminner ved Tisleifjorden. Våren 1991 gjekk den regulerte Tisleifjorden svært seint opp etter nedtrappinga i vinterhalvåret. I mai og langt ut i juni var vasstanden under naturleg nivå, og det vart registrert 12 blesterplassar, 2 tufter og eit fangstanlegg i reguleringssona på Gol-sida. Vatnet vart oppdemt i 1940-åra. Etter nær 50 års erosjon er lokalitetane sjølvsagt sterkt raserte. Mange kolgroper og tufter er truleg nedslamma. Men slaggvarpa derimot er komne godt til syne, etter at vegetasjonen er burte. Dei syner gjerne på lang leid. Og myrane ligg raude av rust. Dette stadfester tradisjonen om stor jarnvinneaktivitet i området. Jfr. Wiel 1743. Sume stader syner ogso restane av blesteromnane godt, og området kunne truleg enno, etter nær 50 års regulering, ha verdi med tanke på jernvinneforskning. Ål 13. juni 1991.

Identifier
Source http://kulturminnesok.no/ra/lokalitet/29762
Metadata Access https://kart.ra.no/arcgis/rest/services/Distribusjon/Kulturminner20180301/MapServer/7/query?objectIds=164962&outFields=*&returnGeometry=true&f=geojson
Provenance
Creator Viken fylkeskommune
Publisher Askeladden
Publication Year 2010
Rights NLOD (https://data.norge.no/nlod/en/2.0/)
OpenAccess true
Contact askeladden.hjelp(at)ra.no
Representation
Language Norwegian
Version 20180301
Discipline Archaeology
Spatial Coverage (8.997W, 60.838S, 8.998E, 60.839N); Gol