"På tunet av Elias K. Gyland står det ein merkeleg stein. Han er som ein firkanta søyle med om lag 23 cm breie sideflater. Han er 1,75 m over jorda og truleg ca. 75 cm under, til saman 2,5 m. Han går under namn av Hommesteinen, og han har ei forvitneleg soge. Det ser ut til å vera ein naturstein som ikkje er tilhoggen av menneske. Han har ingen runeinnskrifter, men kring 30 cm over jorda er det på eine sida ei skrå renne, kring 1 cm brei og 0,7 cm djup. Dei kallar det kvessespor, og etter sagnet har dei brukt denne renna når dei skjerpte spyd og piloddar. Denne steinen stod tidlegare på sørsida av kyrkjegarden på Gyland. Vegen gjekk i gamal tid frå Skeidsmonen over åna og fylgde vegen opp over monen, der det var bru over åna mot kyrkja. På sørsida av kyrkja var det port i kyrkjegardsmuren, og denne inngangen var då mest brukt. Framfor muren var det ei slette der folk hadde pålar, som dei bant hestane i når dei reid til kyrkje. På sørsida av åna var det den tid utmark, og om sommeren var det somme som slepte hestane på beite der, mens dei var i kyrkja. Mellom pålane framfor kyrkjegardsmuren var også denne sers vakre steinen. Det skulle vera ein mann frå Homma som åtte han, og etter sagnet skulle han vera frakta fram til Gyland. Men det må vera veldig lenge sidan. Eg har funne han nemnd i ei tingbok frå 1741. ... Dette (dvs. rettskilden) syner i alle fall at steinen har vore flytta ein gong før han kom på tunet av Elias K. Gyland." Kartfestinga er omtrentleg.